Sande kommune inviterer til innspel frå næringslivet

Sande kommune inviterer til innspel frå næringslivet


Uteseksjonen legg rørleidningar Sande kommune  Sande kommune inviterer til innspel frå næringslivet for å dempe negative konsekvensar av koronakrisa - frist 15.mai

Koronakrisa treff alle sektorar i samfunnet på mange vis. Av sentrale ledigheitstal kan det sjå ut til at næringslivet lokalt i Sande pr no har kome brukbart frå det. Utfordringane i næringslivet har vore og fortsatt er mange. Så veit vi sjølvsagt at konronakrisa vil vare over tid, og ingen av oss kan vel heilt vite kor verknadane vil verte fram i tid.

 

Sande kommune er ein aktør som gjennom sin tenesteproduksjon har behov for å kjøpe ein del bygge- og anleggstenester. Omfanget varierer frå mindre oppgraderingstiltak på våre bygningar og anlegg - til noko større prosjekter innan til dømes vassforsyning og vegar.  Sande kommune vil gjerne ha innspel frå næringsdrivande i vårt område om korleis Sande kommune - med våre behov for tenestekjøp innan bygg og anlegg - kan  vere med på å dempe dei negative verknadane den pågåande koronakrisa har for bygge- og anleggsbransjen i vårt område.

 

På grunn av sentrale korona-restriksjonar kan vi ikkje invitere til felles møte. Vi bed difor om at innspela vert sendt pr post eller elektronisk til Sande kommune.

postmottak@sande-kommune.no

E-dialog

Postadresse: Rådhuset, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

 

Vi bed om at innspela kjem Sande kommune i hende innan 15.mai 2020.

Kontakt

Oddbjørn Indregård
leiar
E-post
Mobil 97 58 88 11