Sande kommune treng ny oppvekst- og kultursjef

Sande kommune treng ny oppvekst- og kultursjef

Hender  - Klikk for stort bileteTeambuilding Henning Westerkamp Pixabay

Stillinga som oppvekst- og kultursjef i Sande er ledig etter at Øystein Johansen no takkar for seg etter ei lang periode som leiar for denne sektoren. 

Er du den rette eller kjenner du nokon du vil oppmode om å ta utfordringa som leiar for denne oppvekst- og kultursektoren? 

Vi ser etter deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og utvikle Sande kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som medlem i kommunedirektøren si leiargruppe, vil du ha medansvar for samla drift og utvikling av heile organisasjonen i Sande kommune.

Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Vi søker ein toppleiar som har ambisjon om å skape det gode oppvekstmiljøet i lokalsamfunnet i lag med oss.

Les meir om stillinga  og finn søknadsskjema her.