Sande kommune ute av Robek - grunn til å feire!

Sande kommune ute av Robek - grunn til å feire!

Kommunestyret feira at Sande kommune er ute av Robek-lista. Sande kommune har vore i Robek-registeret sidan hausten 2016 og  er no endeleg ute av denne lista.

Meirinntekter på skatteinngang, god fondsavkastning og god finansieringsordning for koronarelaterte utgifter gjer at vi er ute av dette registeret.

Kommunedirektøren la fram årsrapport 2021 og årsrekneskap 2021 for politisk godkjenning i kommunestyremøte 21. juni. Årsrekneskapen vart godkjent og viser eit netto driftsresultat på 1,9 % av brutto driftsinntekter i 2021.

Tidlegare års meirforbruk med 3 434 000,- kroner er nedbetalt. I tillegg blir årsresultatet på kr 4 864 000,- kroner avsett til disposisjonsfond. 

Du kan lese både årsrekneskap og årsrapport her

Om ROBEK

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsrekneskap innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.