Sande kommune ynskjer samarbeidspartnarar til å gjennomføre "Sommaraktiv Sande"

Sande kommune ynskjer samarbeidspartnarar til å gjennomføre "Sommaraktiv Sande"

 Sande kommune ynskjer samarbeidspartnarar til "Sommaraktiv Sande". Sande kommune  har fått tildelt midlar for å arrangere sommarskule for born i Sande. Vi ynskjer å tilby sommarskule for elevar på 5.-10. trinn.  

I Sande kommune er det mange lag, organisasjonar og aktørar i lokalsamfunnet. Vi ynskjer no å samarbeide med desse om sommarskuletilbodet, som vi har kalla "Sommaraktiv Sande". Slik kan vi spele på lag og vi vil kunne gi økonomisk støtte til ulike aktørar i ei vanskeleg tid, og kanskje bidra til framtidig rekruttering. Sande kommune dekkjer kostnadene etter avtale for dei aktørar som tilfredsstiller prosjektet.

Vi ber med dette lag, organisasjonar og aktørar kome med tilbod på aktivitetar som kan vere del av «Sommaraktiv Sande» - sommarskuletilbodet i Sande kommune.

Kva er sommarskuletilbodet?

Utdanningsdirektoratet har følgjande mal og retningslinjer for sommarskuletilbodet:

  • tilbodet vert gitt til elevar i grunnskulen, som er busette i kommunen. Sande   ynskjer å gje tilbodet til elevar i 5. – 10. klasse skuleåret 20/21.
  • tilbodet skal vere gratis for elevane
  • gje fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skuleferien sommaren 2021
  • at elevar kan få høve til fagleg påfyll/ utbytte
  • motivere til dømes elevar som er i overgangen mellom barneskule og ungdomsskule  eller i overgangen mellom ungdomsskule  og vidaregaande opplæring
  • kommunen kan inngå samarbeid med til dømes idrettslag, kulturskular, foreiningar, leirskular og andre eksterne aktørar, tilpassa lokale forhold

Vi ynskjer kortfatta søknader som skildrar følgjande punkt:

  • Kva type aktivitetar de kan tilby.
  • Kortfatta skildring av det faglege, sosiale og kulturelle  innhaldet i aktiviteten.
  • Lengd på dagar og talet på dagar de kan tilby
  • Kva veker det er aktuelt å arrangere aktivitetane. Aktuelle veker er  25, 26, 32 og 33
  • Alder på deltakarar i aktiviteten innanfor aldersgruppa 5. – 10. klasse (11 – 16 år)
  • Kostnad på aktiviteten, tilbod på matservering kan vere del av tilbodet.
  • Tal på deltakarar som kan vere med i opplegget som vert tilbydd.
  • Eventuelle andre krav som organisasjonen set for deltaking.

 

Lag, organisasjonar og aktørar skal samarbeide med Sande kommune om utforming og gjennomføring av tilbodet.

 

Søknadene vil verte vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

  • At dei møter Utdanningsdirektoratet sine retningslinjer  som er skildra ovanfor.
  • Kostnad i forhold til tal deltakarar
  • At vi samIa sett får til eit mest mogleg variert tilbod både innhaldsmessig og tidsmessig for flest mogleg av dei nemnde gruppene.
  • Moglegheit for å tilpasse tilbydd aktivitet i det heilskaplege tilbodet.

Søknad vert å sende til Sande kommune v/Øystein Johansen

 E-post : oyjo@sande-mr.kommune.no

Søknadsfrist 01.06.2021