Sande med i nybrottsarbeid for distriktskommuner

Sande med i nybrottsarbeid for distriktskommuner

 Sande er med i pilot for å vidareutvikle verktøy for lokal samfunnsutvikling. 

Sande kommune er med i eit nybrotsarbeid for å styrke kommune i samfunnsutviklarrolla. 3 andre kommuner i fylket er også utvalde: Aure, Tingvoll og Fjord.
Pilotarbeidet skal gi inspirasjon og læring lokalt, og har som føremål å styrke kommuner i samfunnsutviklarrolla. Erfaringar frå dette arbeidet skal brukast til å videreutvikle eigna verktøy for lokal samfunnsutvikling.

Pilot-arbeidet skal gå over ei tidsperiode på ca. 12-16 månedar. Arbeidet vil handle om å koble kunnskap og lokale problemstillingar, der målet er å styrke kommunen sin kompetanse og kapasitet innan samfunnsutvikling.


Deltakarkommunene vel sjølv ei problemstilling eller eit utviklingsområde som er aktuelt. Det må gjerne vere noko som allereie er planlagt eller i gong. Tiltaket bør vere forankra i kommunen sitt planverk eller relatert til arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel.

Eksempel kan vere: Bygdemobiliseringsprosjekt, stadutvikling,arbeid med tilflytting og inkludering, ungdomsmedverknad, næringsutvikling, folkehelse, sjølve planprosessen, etc.


Prosjekta må ikkje vere store og omfattande, men fokuset må være på noko kommunene ønsker å få løyst.

 


Vi er i gong: 

Måndag 24.februar var Distriktssenteret og Fylkeskommunen på plass på rådhuset og hadde første treffet med administrasjonen og ordførar.

Kommunen har ansvar for eige valgt prosjekt. 

Utvelging av satsingsområde er det politikarane som skal stå for. Så når så langt kjem, er det opp til kommunestyret å velge ut prosjekt. 

«Vi vil ta tak i noko som er viktig for Sande, og som utviklar og samlar heile kommunen», seier ordføraren. 

Frå venstre: Olav Myklebust- ordførar, Trond Arne Aglen -kommunedirektør, Marianne Solbakken- Distriktssenteret, Oddbjørn Indregård - plan og utviklingssjef, Øyvind Tveten - Møre og Romsdal fylkeskommune, Eivind Ryste- Møre og Romsdal fylkeskommune, Ragnhild Godal - Distriktssenteret, Ingvild Gjerdet - Møre og Romsdal fylkeskommune Sande kommune   

Ein glad arbeidsgjeng samla måndag morgon!