Sandetun opnar for besøk igjen frå onsdag 20.januar Sande kommune Etter to veker med besøksstopp på Sandetun omsorgssenter blir det kjekt bådefor dei eldre og pårørande at ein kan treffast igjen. Regjeringa har letta letta litt på tilrådingane om besøk i private heimar og Sandetun omsorgssenter fyl etter og går tilbake til rutinene dei hadde før nyttår.Dette skjer frå onsdag 20.januarRetningsliner ved besøk til pasientar ved Sandetun omsorgssenterFor å sikre godt smittevern ved Sandetun omsorgssenter, skal alle besøk føregå etter gjeldande retningsliner: Besøkande kan ikkje kome på besøk, dersom ein er sjuk, jmf. nasjonale retningslinjer Pårørande som vil besøke pasientar på omsorgssenteret, må så tidlig som mogleg, ringe og gjer avtale med avdelinga i høve besøk. Avdelinga samordner tidspunkta for besøka. Personell ved avdelinga vil følge besøkande fram og tilbake til/ frå pasienten sitt rom. Besøket skal føregå på pasienten sitt rom/ leilighet, ute på omsorgssenteret sitt område, eller på tilrettelagt besøksrom. Besøk kan ikkje gjennomførast i fellesareal i omsorgssenteret. Det er mogeleg å gå tur rundt Sandetun omsorgssenter, eller ta ein biltur. Det må framleis haldast minst 1 meters avstand, og ved besøk inne kan 2 komme på besøk i gongen, medan ein ved besøk ute, kan vere 4 besøkande. Besøket kan ikkje vare meir enn 2 timar. Det er ikkje lov med nærkontakt som klemming etc. mellom pasient og pårørande. Pårørande skal sprite hender før og etter besøk. Det vert ført besøksprotokoll som sikrar rask smittesporing, dersom det er naudsynt. Ved alvorleg sjukdom hos pasienten, vert det framleis gjort eigne vurderingar i høve besøk. Det er lov å ta med gåver, blomster osv. Vi minner om at retningslinene er laga for å beskytte dei mest sårbare. Alle som bur på Sandetun omsorgssenter er pr. definisjon i risikogruppa. Dei som bur her er i lag i fellesareala, så om ein pasient vert smitta, kan ein risikere at også andre vert smittta. Rutinene vil vare minst til alle ved omsorgssenteret er ferdig vaksinert. Telefonliste Sandetun omsorgssenter Avdeling Telefon Sentralbord , konsulent 9.30-14.00 måndag -fredag 70026740 Tingstova 70026606/ 70026605 Solsida 70026626/ 70026610 Sørhagen 70026620/ 70026621 Haugetun 70026650/ 70026675 Elvebakken 70026640/ 70028410 Fysioterapi 70026613/ 48892151 Kjøkkenet 70026683 Øya aktivitetssenter 91301547 Hjelpemiddel (onsdag) 48992664/ 91696631 Sande kommune 70026700 VAKTTELEFON, bemanna av sjukepleiar 99091919 Publisert avElin Rokstad Sist endra16.02.2021 12.54