Skal vi gjere det triveleg rundt oss?


Reinhaldsverket Gamle båtvrak, søppel i fjøra og grovavfall som står rundt husnovene og andre stadar er ikkje triveleg for verken oss sandssokningar eller dei som vi vitje oss. No kan vi gjere noko med det - det er det som er så fint!

Skal vi gjere ein innsats for miljøet no i haust?

Strandrydding

Strandryddeveka er i gong frå helga og det er høve til å få både sekkar og hanskar ved servicekontoret i Sande. Berre kom innom. Kanskje vil du kombinere rydding med Friluftlivet si veke?

Vrakpant       

Veit du at du kan få vrakpant om du har ein gammal båt du vil bli kvitt? Her kan du lese meir om denne ordninga.

Grovavfall

Det er henting av grovavfall på Kvamsøy og Sandsøy i neste veke. Dette er ein fin service frå SSR som gjer det meir lettvint for dei å kvitte seg med grovavfallet. Miljøstasjonen på Myklebustmyrane er open kvar tysdag og torsdag frå kl 14 til 19 for andre!