Skogrydding langs fylkesveg 61

Skogrydding langs fylkesveg 61

Kart - Klikk for stort bileteKart

Møre og Romsdal fylkeskommune skal rydde skog langs to vegstrekningar på FV 61. Den eine er strekninga mellom Larsnes og Årvika i Sande kommune, medan den andre strekninga er i Vanylven kommune mellom Ekreim og Vik/ Slagnes. Arbeidet startar opp omlag i veke 3, og vil halde fram utover vinteren.

 

Kart - Klikk for stort bileteKart

Føremålet med arbeidet er å få betre sikt langs vegen. Det vil medføre litt venting då det blir behov for stengning av eitt køyrefelt. Trafikken vil bli regulert av trafikklys. Det vil verte noko kveldsarbeid, og ein må rekne med inntil 15 minutt ventetid.