Skulane kjem i gong igjen i veke 20

Klikk for stort bilete Pixabay  Sandeskulen planlegg å kome igong frå neste veke.

Alle elevane skal no tilbake til vanleg skulegong frå veke 20 . 

Det er bestemt at Kvamsøy oppvekstsenter startar undervisninga allereie måndag 11.mai og dei andre skulane frå tysdag 12.mai. 

Det vert no jobba på spreng for å finne fram til god organisering i samsvar med reviderte smittevernplanar for skulane som kom denne veka. Smittevernreglar for kollektivtransport er også veldig sentrale og utfordrande når skulen skal planlegge undervisningstid og opplegget rundt skuleskyss i dei enkelte krinsane. 

Alt er ikkje klart enno, men det vil kome ut informasjon til heimane frå den enkelte skule om oppstarten og korleis dette blir organisert.

Både skuleleiing, tilsette og elevar gledar seg no til å møtast!