Skulane klare til å ta imot dei yngste elevane måndag 27. april

Skulane klare til å ta imot dei yngste elevane måndag 27. april

Sande kommune  No gled vi oss til å ta imot elevane, seier lærarar ved Gursken oppvekstsenter.

Dette er også meldinga frå einingsleiar Marianne Solbjørg Ose ved Gursken oppvekstsenter og alle dei andre tilsette ved skulane i Sande. 

Dette har vore ei veldig spesiell periode. Å drive skule uten å ha elevane til stades er rart, men eg trur vi har fått til gode løysingar  som har gitt elevane godt læringsutbyte også denne perioden. Lærarane har vore utruleg kreative og innstilte på å få til undervisning og kontakt med elevane på ulike måtar. 

Den nye rettleiaren for smittevern har gitt oss gode reiskapar for å planlegge gjenopning av skulen - og vi er klar for den "nye skulekvardagen" i Sande.

Også i skulen er det nasjonale reglar som gjeld: Halde avstand (også på skulebussen) – hyppig handvask  - mindre grupper – meir uteundervisning.

Det er sjølvsagt også spennande for alle å sjå korleis tida framover blir - vi har førebudd oss godt  og det skal vere trygt å kome på skulen i Sande, seier Marianne Solbjørg Ose. 

 

Alle foreldre/ føresette har fått  informasjon om kva skulen har planlagt og organisert i samband med opninga. Oppvekstsjef Øystein Johansen minner om at i den unntakstilstanden vi er i no, vert det stilt store krav og forventningar til alle partar: heimar, elevar og tilsette.

Vi ynskjer lukke til og oppfordrar store og små til å vere rause med kvarandre og følgje dei reglane som no er sett!