Skulelunsj på Larsnes oppvekstsenter skaper trivsel

Skulelunsj på Larsnes oppvekstsenter skaper trivsel

skulelunsj på Larsnes oppvekstsenterFredag 08. oktober, siste dag før hausteferien, var elevane på Larsnes oppvekstsenter så heldige å få besøk av damene i Larsnes helselag.

Helselaget både spanderte og laga til ein flott lunsj for elevane våre – og elevane visste å setje pris på maten!

Lunsj med helselaget er ein årvisse tradisjon som både små og store på Larsnes oppvekstsenter ser fram til. Eit kjempepopulært trivseltiltak for alle!

Allereie i desember kjem desse kjekke damene i Helselaget  tilbake til skulen – då for å lage nissegraut til alle! Det blir det skikkeleg julestemning av!