Smitteutbrot i Ørsta/Volda - nokre i ventekarantene i Sande

Smitteutbrot i Ørsta/Volda - nokre i ventekarantene i Sande

CDC, Alissa Eckert  Det har dei siste dagane oppstått eit større korona-smitteutbrot i nabokommunane. Dette har også følgjer for oss i Sande, då 6 av våre innbyggjarar no er i ventekarantene. Dei  skal testast i løpet av dagen i dag, og svar vil  vere klart i løpet av helga. 

Ingen er hittil stadfesta smitta i Sande. 

Kommuneoverlege Asta Sileikiene  bed alle hugse på at vi fortsatt er i ein pandemi, og at det er viktig å følge dei nasjonale smittevernreglane- og råda, og at alle som får tilbod om vaksine takkar ja for å hindre smitten i å spre seg. Legesenteret bed  dei som ønskjer vaksine og ikkje har fått tilbod om det om å ta kontakt, ring 70026750 eller bruk Helserespons.no