SMS om 3.dose?

PXhere.com  

Fått ein SMS om vaksinering frå Sande kommune?

Ja, Sande kommune varslar innbyggarar blant anna om vaksinering ved å sende ein SMS til innbyggarane om tid og stad for dei ulike målgruppene.

Om du allereie fått 3.dose med vaksine og likevel får SMS, kan du sjå bort frå den.

Her er den siste SMS som gjekk ut i dag:

Koronavaksinasjon Breidablikk 22.desember

Gjeld dei som fekk vaksine før 8.august.

Tilsette i skule, barnehagar & helse : 13.00 -14.00

60+ : 14.00 – 15.00

59-53 år: 15.00 – 16.00

52 – 45 år : 16.00 – 17.00

44- 18 år : 16.45- 17.30

VEL MØTT!

 

Vi vil berre veldig gjerne nå ut til alle og annonserer difor på dei kanalane vi har tilgjengelege.

Om du er pårørande for nokon som lurer på desse sms-ane er det fint om du informerer dei om korleis dette heng saman.

På førehand - takk for hjelpa- og God Jul frå vaksineringsteamet!