Snart 17. mai

Klikk for stort bilete Det nærmar seg 17.mai, og heller ikkje i år kan vi feire på heilt tradisjonelt vis.

2020

I fjor hadde vi ei digital feiring som var heilt annleis enn det vi er vande med. Det vart gjort eit stort stykke arbeid i alle krinsar som munna ut i ei flott sending  -  tilgjengeleg for alle. 

2021

I februar i år samla leiarane for 2021- komiteane i krisane seg for å starte arbeidet med feiringa i år. Håkon Vestnes vart vald som leiar for denne gruppa og dei jobbar vidare med korleis vi skal feire 17.mai. 

Her er regjeringa si pressemelding om korleis feire 17.mai i år. .

For samlingar på 17. mai, gjeld pr 16.april følgande råd og reglar nasjonalt:

  • Du kan ha besøk av fem gjestar i private heimar og hytter. Dersom alle gjestane høyrer til same husstand kan de vere fleire, men de må kunne halde avstand.
  • Utanfor private heimar kan ein på private samankomstar  samle maksimalt ti personar innandørs og tjue personer utandørs.
  • På innandørs offentlig arrangement kan ein vere maksimalt ti personer uten faste tilviste siteplassar.
  • Men ein kan vere 100 personer der alle i publikum sit på faste, tilviste siteplassar.
  • På offentlege arrangement kan 200 personer samlast utandørs, men det er lov med 600 personer fordelt på tre kohortar på 200 personer, dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meter avstand mellom kohortane.

Her finn du heile forskrifta som gjeld for arrangement

Informasjon om feiringa i din krins vil bli kunngjort seinare.