Snart nyttårsfeiring!

Fyrverkeri Pixabay.com  Salet av fyrverkeri er i gong. Det er lurt å kunne nokre køyrereglar for bruk av fyrverkeri.

Slik brukar du fyrverkeri rett:

  • Bruk fyrverkeri kun på nyttårsafta, mellom klokka1 8.00 og 02.00.
  • Sørg for at bakkebatteriet står trygt og støtt, pakk gjerne rundt med snø om det er mogeleg.
  • Unngå at fyrverkeriet blir fuktig eller vått.
  • Les bruksanvisninga og følg råda for sikker avstand ved oppskyting.
  • Bruk vernebriller for å unngå augeskader.
  • Tenn aldri lunta to gonger. Dersom den ikkje tender første gong, vent 30 minutt, dynk med vatn og lever tilbake til forhandlar.

God nyttårsfering!