"Sommaraktiv i Sande" med Workshop i musikal teater

"Sommaraktiv i Sande" med Workshop i musikal teater


 

 "Sommaraktiv i Sande" med Sande kulturskule og Herman Brune Leikanger arrangerer "Workshop i musikal teater"

Syns du teater er gøy? Likar du å stå på scena? Er du glad i å synge og danse? Då er dette workshopen for deg!

Herman er nyutdanna frå Bårdar Akademiet med 2 år musikaldans og 1 år kommersiell scenekunst musikal. Bårdar Akademiet er Noregs første profesjonelle skule med utdanning retta mot dans og musikkteater. Herman er kjend for sitt brennande engasjement for musikk, dans og musikal. Gjennom mange års erfaring har han stor formidlingsevne for faget, og ein sterk relasjonskompetanse i arbeid med born og unge.

Hovudmålet med workshopen er å få innblikk i ulike teknikkar innan dans, song og teaterleik som til saman utgjer grunnelementa i ein musikal.
Elevane vil gjennom leik og moro få kjennskap til teknikkar, formidling og ulike stilar. Mellom anna er stepping ein av danseteknikkane.
Du treng ingen forkunnskap for å delta.

Det blir workshop i veke 25 og 26 på landsbyhuset Breidablik. Tilbodet er til deg som går i 5.- 10. klasse, skuleåret 2020/2021. Vi deler elevane inn i to grupper i veke 25 og to grupper i veke 26, omlag 3 timar for dag pr. gruppe. (Organisering med atterhald om påmelding).

 
Merk påmelding med kva veke du ønsker.; veke 25? Veke 26 ? Eller kan du begge vekene?
Tilbodet er gratis.

Påmelding til Susann i kulturskulen.

Påmeldingsfrist: 13. juni
Førstemann til mølla då det er avgrensa plassar grunna smittervern.