Status på korona

Klikk for stort bilete Ingen nye smittetilfelle i Sande.

Det er tatt 460 testar i Sande. Dei siste dagane har det vore turistar og folk som har vore på ferie som vil teste seg.

Ingen smitte er påvist sidan april.

Har du gjestar på besøk er det fint om du informerer dei om kvar dei kan ta ein test og korleis dei kontaktar legesenteret dersom dei  har symptom. Testing for Covid-19 er gratis. Det er viktig at ein tek kontakt med legekontoret før ein møter opp for å ta testen.

Det er stadig endringar i smittebildet i Europa - og også i Norge.

Kjem du frå ferie - ver ekstra merksam på om du kan ha symptom som gjer at du bør teste deg.

Minner om at vi ikkje må gløyme dei gode reglane:

  • ver heime om du er sjuk
  • hald avstand - hugs meteren
  • god hoste- og handhygiene

Legekontoret er ope frå 08.00- 15.00 - tlf 70026750