Status vaksine og vaksinering

Vaksineringa i Sande går etter planen, - men seint, då vi får få vaksiner.

Dei første på sjukeheimen vil få si andre vaksine denne veka - og verte ferdig vaksinert.

Vi reknar framleis med at det vil gå eit par veker før vi kan tilby vaksiner til dei som bur heime.

Vi ventar ei auke i tal på vaksiner til Sande, men i dag så er dette uklart på grunn av fleire forhold som vi ikkje har påverknad på.

Det er ingen  grunn til å ringe doktorkontoret, vi tek kontakt eller kjem med informasjon etter kvart som vi har betre oversikt over framdrifta.

Kor mange er vaksinerte? 

Her kan du følgje med på statistikk over framdrift på vaksineringa i Norge.

Mer om koronavaksinen på fhi.no
Sjå film frå Statens legemiddelverk om korleis koronavaksiner blir godkjent