Status vaksinering 17. februar

Klikk for stort bilete Vaksineringa i Sande går etter planen med dei få vaksinene vi har fått levert. 

Status 17.februar 

I veke 6 var det 110 personar som hadde fått vaksinedose nr 1. 29 personar har fått begge vaksinedosene, slik at dei er ferdig vaksinerte. 

I veke 7 blir eldre over 80 år vaksinerte med dei 36 vaksinene vi får denne veka. Desse er kontakta og gjort avtale med.

Veke 8: Dei 36 vaksinedosene vi får blir gitt som vaksinedose nr 2 til bebuarar på Sandetun. 

Tilgong på vaksiner

Sande kommune har fått tilgong på lite vaksiner hittil. Vi får varsel om levering av vaksine veldig kort tid på førehand. Planlegging av vaksineringa vert gjort parallelt med dette, og dei som får tilbod om vaksine får kort frist for å svare.

Vil du vaksinerast? 

Fyl med på telefonen din, og ring gjerne tilbake om du ser at Sande legesenter - tlf 70026750 har ringt deg og du ikkje fekk svara. 

Vaksineringa føregår på Sandetun omsorgssenter - på Kapellet. 

Du skal altså ikkje ringe for å bestille vaksinering. Sande legesenter ringer deg. 

Fare for svindel

Det er Sande legesenter på telefon 70026750 som tek kontakt med deg som skal vaksinerast. 

Ja, også rundt vaksineringa er der nokre svindarar som kan prøve seg. Husk difor på dette: 

  • Du skal ikkje takke ja til vaksinering frå andre enn Sande legesenter. Dei ringer til deg for å gjere avtale.
  • Du skal ikkje bite på tilbod som kan kome på tlf, e-post  eller anna om tidlegare vaksinering mot førehandsbetaling eller betaling generelt.
  • Ver kritisk til slike kontakter- sjølv vi i vesle Sande kommune kan bli lurt i sårbare situasjonar.