Status vaksinering - fleire har valgt å bli vaksinert og fekk første dose

Pixabay  Ved vaksineringa denne veka var det 11 nye personar som valde å få vaksine mot Covid -19. Det er fint!

Mange skal ha 3.dose og frammøte kan bli betre.

Dette opplyser vaksineringsteamet ved Benita Nysæter ved Sande legesenter. Onsdag måtte vi kaste berre 7 vaksinedoser, medan vi på forrige vaksineringsdag måtta kassere 68 doser. Av 235 personar som stod for tur med ny vaksinedose var det berre 149 som møtte. Vi hadde same forholdet sist der det var berre 161 av 306 som møtte til vaksinering, opplyser Benita.

Det er personar under 55 år som har lavast vaksinedekking i vår kommune.

  • 86,5 % av personar over 18 år er vaksinert med 1 dose. 
  • 84,1 % av personar over 18 år er vaksinert med 2 dosar.

Det blir ny vaksineringdag 12. januar på Breidablik - og annonsering på dette vil kome i lokalpresse, på heimesida og facebook - så følg med. Sande kommune gjer alt for at du skal få den viktige vaksinedosen din - gjer vel å møte til vaksinering når det er din tur!

Vaksinering - Moderna

Statsforvaltaren har fått stadfesta frå Ålesund kommune at dei også i veke 1 og 2 kan tilby Moderna-vaksine til innbyggarar frå andre kommunar.

Dette i form av vaksinasjon ved timebestilling og drop-in ved Forsvaret sin vaksinestasjon. Denne er i veke 1 og 2 plassert på Moa helsehus (Vestmoa 6).

Lenke til timebestilling: https://helseboka.app/b/s/1136802

Det er tilbod om vaksinasjon:

  • 4. – 8.januar: kl. 9 – 17
  • 10. – 14. januar: kl. 9 – 17

Som i veke 52 tilbyr vaksinestasjonen:

  •  Dose 1 - for dei som enno ikkje er vaksinert
  •  Dose 2 – 4 veker sidan dose 1
  •  Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 – gjeld alle over 18 år.  
  •  Dose 4 – 3 månader sidan dose 3 (gjeld særskilte grupper med alvorleg sjukdom).

Les meir om vaksineringsprogrammet her.

Her finn du detaljerte opplysningar om vaksineringstal i Sande:

Vaksinert mot Covid19 i Sande
Veke 1. dose 2.dose 3. dose 4.dose
10 137 390
16 671 148
20 808 325
30 1548 1048
40 1836 1713
46 1836 1713 420
47 1856 1836 452
48 1860 1838 650
50 1864 1847 933
51 1869 1855 1081
1-22 1880 1862 1212
2-22 1889 1865 1307 3