Stortingsval 2021 - tidlegstemming frå 1.juli

Stortingsval 2021 - tidlegstemming frå 1.juli

13.september er valdagen for Stortingsvalet 2021. 

Om du ikkje har høve å stemme då, kan du allereie frå 1.juli få gi di tidlegstemme ved Sande rådhus. 

Ta med legitimasjon!

Tidlegrøystinga er open  frå 1.juli til og med 9.august i tidsrommet kl 09.30- 14.00.

Førehandsrøysting

Frå 10.august startar ordinær førehandsrøysting som også føregår ved Sande rådhus i tidsrommet kl 09.00- 15.00 frå måndag til fredag. Då er manntalet klart og du har fått tildelt elektronisk valkort. Om du har reservert deg, får du tilsendt eit vanleg valkort. Valkortet får du frå midten av juli  -  etter at manntalet er klart.

Førehandsrøystinga er open til og med fredag 10.september. 

Det er fint viss du har med valkortet, men du får stemme om du ikkje har det med. Ta med gyldig legitimasjon!

Godt val!