Stortingsval 2021 - valdagen 13.sept.2021

Stortingsval 2021 - valdagen 13.sept.2021

På valdagen må du stemme i Sande.

Det er viktig at vi brukar røysteretten vår i vårt demokratiske samfunn!

413 personar har førehandsrøysta i Sande kommune. Det er eit flott resultat når det gjeld valdeltaking så langt og er 25,37 prosent av dei stemmene vi kan rekne med å få inn dersom alle i manntalet brukar røysteretten sin! 

Valdagen er måndag 13.september og i alle krinsar er vallokala opne frå kl 10 - 19. Vi har gode romslege vallokale der smittevern blir tatt i vare.

Hamnar du i karantene eller isolasjon på valdagen grunna koronasituasjon kan du ta kontakt med valansvarleg Tove Kvamme på telefon 99531346 for å avtale korleis du skal få røyste. 

GODT VAL !