Stortingsvalet 2021 - Førehandsrøysting

Stortingsvalet 2021 - Førehandsrøysting

 Førehandsrøystinga for Stortingsvalet startar tysdag 10. august og varer heilt fram til fredag 10. september. 

I Sande kommune kan du røyste på førehand slik:

På Sande rådhus, i opningstida  kl 09.30 - 15.00

På Sandetun omsorgssenter - onsdag 8. september kl 11.00 - 13.00

Har du behov for å stemme heime, kan du ringe 70026700 og gjere ein avtale så kjem vi heim til deg.

 

Førehandsrøysting i ein pandemi.

Sit du i karantene, eller er i isolasjon på grunn av koronasmitte?  Dersom du ikkje trur du blir frisk til valdagen 13. september, kan du få førehandsrøyste heime. Ring 70026700 og gjer ein avtale  - så kjem vi heim til deg. 

Dersom du er i karantene skal du ikkje stemme i ordinære valglokale. Ta kontakt med Sande kommune for å gjere avtale.
Dersom du er i isolasjon skal du stemme heimanfrå. Ta kontakt med kommunen for informasjon om korleis du kan få stemme - fristen for å melde inn at du vil stemme er måndag 13.sept. kl 10.00.

Problemer med å kome til vallokalet?

Då kan du kontakte Sande kommune fram til kl. 10.00 den 7. september om å førehandsstemme heime.