Strandrydding - ingen kan gjere alt, alle kan gjere litt!

Strandrydding - ingen kan gjere alt, alle kan gjere litt!

Reinhaldsverket  Strandryddeveka er ein nasjonal dugnad som får folk frå heile landet til å gjere ein ekstra ryddeinnsats, til glede for nærmiljøet, deg sjølv og ikkje minst naturen. For å verne om fuglane i hekketida, er veka flytta frå mai til september. Blir du med? 

Det skal heldigvis ikkje så mykje til for å gjere planeten vår til ein litt betre stad. Å plukke med seg rusk og rask som ikkje høyrer heime i naturen, er ein slik liten innsats. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det  ganske mykje!

09.-18.september - nasjonal strandryddeveke

Du kan gjere det på din måte, anten åleine eller saman med andre. Lag og organisasjonar kan også "gripe ballen" og bli med.

Ta kontakt med ein av miljøstasjonane  elle servicekontoret på rådhuset - tlf 70026700 - for å få utdelt sekkar og hanskar. Innsamla avfall skal leverast på  miljøstasjon eller i blå konteinar som står bak rådhuset. 

Uteetaten ved teknisk sektor vil i tillegg 19. september - på dagtid -  hente inn sekkar som blir plasserte i vegkanten ved 

  • Gjerdsvika skule
  • Haugsbygda hamn
  • Gursken oppvekstsenter
  • Larsnes oppvekstsenter
  • Voksa ferjekai 
  • Kvamsøy ferjekai 
  • Årvika ferjekai 

 

 Les meir om aksjonen her 

Takk for innsatsen for ei reinare kommune!