Takk for ditt bidrag!

Tor Sivertstøl   Det har faktisk gått ei heil veke sidan Kongeparet sitt besøk i Sande kommune, og no er det vel på tide å gå inn for landing? Eg er ikkje tvil om at fleire av oss har segla på ei sky av stoltheit over det vi som kommune fekk vise fram under Kongeparet sitt besøk!

For om vi skal døme etter alle dei positive tilbakemeldingane, så vart besøket i Sande ein stor suksess.

Folk kosa seg – og det gjorde også Kongeparet!

Dei framheva særleg dette med at så mange barn og unge var involverte i det vi viste fram – og at aktørane viste stor iver, innsats og glede i alt som vart vist fram.

Og arrangementet gjekk prikkfritt!

«Feel Royal på Breidablik vart også ein stor suksess. Maten smakte fortreffeleg og programmet har vi også fått mykje skryt for: «Det er ikkje mange kommuner som hadde kunne stille opp med det same», var ein av kommentarane vi fekk…

Og no er det altså på tide å takke, sjølv om det ikkje er så lett. Er veldig redd for å gløyme nokon, og det er ikkje meininga – det var mange ‘tannhjul’ i sving for å få dette prosjektet i hamn. Fleire har ofra både fritid og arbeidstid for å øve på innslag fram mot dette besøket. Og vi fekk skryt av politiet for at her var alt på stell, dei hadde ingen merknader til gjennomføringa!

Så; tusen takk til Gursken skulekorps m.fl, Småtroll, kulturskulen, Øyklang og Kong Arthurspelet for folkefesten på Rønnebergplassen. Flott innsats frå Tiril, Johannes, Sigrid og Abel. Særskilt takk til Wilhelm Støylen og Oddbjørn Hagen som batt programmet her flott i hop for oss. Takk til næringslivet som stilte opp med varer til ei flott gåve til kongefamilien.

Takk også til deg som kom på folkefesten- utan deg som deltakarar på den store dagen vart det ingen folkefest!

Gursken IL og Larsnes IL sørga for at vi fekk oss ein matbit på denne spesielle dagen- takk for at de stilte opp!

Stor takk til Feel It-gjengen og heile det store mannskapet som laga til ein flott festmiddag på Breidablik, og verkeleg fekk oss til å «Feel Royal». Her må vi også nemne Sande kulturskule og Vyrde mannskor. Nokre personar stod sentralt også her; konferansier Harald Sætre, Kari Johanne Skarmyr, kokkane og Håkon Vestnes – som også laga det flotte programmet.

Og sist, men ikkje minst: Takk til Anders og Tove og resten av staben i kommunen, teknisk etat og brannvesenet, dei kommunetilsette – vi hadde ikkje greidd dette utan dokke!

… og dei eg må ha gløymt i farta; TUSEN TAKK!

 

Olav Myklebust, ordførar