Takk til elevar, føresette og tilsette

Takk til elevar, føresette og tilsette

Sande kommune  I samband med det mogelege koronautbrotet på Larsnes skule i førre veke vart det sett i verk førebyggjande strakstiltak frå kriseleiinga. Larsnes skule vart stengd fredag, og alle elevar og tilsette fekk tilbod om å teste seg.

Kommunen er imponert over oppslutninga om testinga. Alle møtte opp, ingen uteblei! Alle viste ansvar og gjennomførte tiltaka, sjølv om det vart ein annleis fredag. Vi takkar alle partar for innsatsen. Det viser at folk er ansvarlege og står saman.

Heldigvis slapp vi med skrekken – ingen positive testar, og livet har vendt tilbake til normalen for denne gong.