Teikne og målekurs i Sande kulturskule

Klikk for stort bilete

Likar du å teikne og måle? Sande kulturskule tilbyr kurs for 3. til 7. klassingar i Sande kommune.

 Kurset vil gå måndagar i 5 veker, med avsluttande utstilling i samband med kulturskulen sin

sommarkonsert 13. juni på Breidablik

 

Lærar er Monica Vermeer, som er tilsett i visuell kunst i Ulstein kulturskule. På kurset blir det jobba med 2 teikneteknikkar og 2 maleteknikkar - blyant, kritt, akvarell og akryl.  

Dato for kurs:

13. mai
20. mai
27. mai
3. juni
12./13. juni – Utstilling i samband med sommarkonserten på Breidablik.

Tid og stad:

18:00-19:30 – Gursken oppvekstsenter

Pris:

700 kr

Påmelding: 

Det trengst min. 6 deltakarar for å kunne starte opp kurset.
Frist for påmelding: 9. mai

Påmelding til Sande kulturskule på e-post eller telefon:

susann.worren.hauge@sande-mr.kommune.no  /  tlf. 91643676