Test deg når du kjem frå reise

Test deg når du kjem frå reise

Testing Adobe Stock  Kommuneoverlegen bed deg ta korona-test etter å ha vore på reise i påska.

Har du vore på reise i påska og møtt nye folk eller folk du vanlegvis ikkje er i lag med? 

Kommuneoverlegen oppmodar deg om å ta ein koronatest når du kjem heim til Sande. 

Litt småsjuk eller? 

Om du føler på små symptom og lurer på om dette kan vere korona- ta ein test så får du sjekka det opp. Betre med ein test for mykje eller ein for lite. For kva skjer viss du ikkje får tatt testen og kanskje er sjuk? Då kan du smitte fleire - det kan du unngå med ein test! 

 

Sande legesenter testar kvar dag, men du må gjere avtale om dette før du møter opp. 

Ring Sande legesenter 70026750 i tidsrommet kl 8.30-15.00 så fåt du tildelt time. 

 

Det vert ikkje utført fleire testar i påskehelga.