Testing for korona-smitte

Testing for korona-smitte

CDC, Alissa Eckert  I Sande har vi hittil utført 410 testar for koronasmitte. Ingen har fått påvist smitte sidan påske. 

Minner om at alle må følge dei gode nasjonale reglane om å halde avstand, vere heime når du er sjuk og ha god hoste- og handhygiene. 

Ferierer du i Sande skal du ta kontakt med Sande legesenter på tlf 70026750 eller legevakta 116117 dersom du trur du kan ha blitt smitta.

15.juli kom det nye retningsliner frå regjeringa desse kan du gjere deg kjend med her.

Det er viktig at du held deg orientert og oppdatert på kva reglar som gjeld dersom du reiser til andre land, eller du reiser til andre område i Norge. Følg alltid oppslag der du ferdast!