Testing før oppstart etter nyttår

Testing Canvas.com Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har bedt alle tilsette i barnehagar, på skular og i SFO og alle skuleelevar om å teste seg i løpet av dei siste 24 timane før dei går på skulen eller på jobb etter juleferien.

Dei som har gjennomgått covid-19 dei siste 3 månadar, og dei som har fått boosterdose for meir enn ei veke sidan, skal ikkje testast. Føremålet er å oppdage og bremse spreiinga av covid-19. 

Tilsette i barnehage, skule og SFO og skuleelevar får frå i morgon torsdag 30.12. utdelt gratis testar ved kolonialbutikkane i kommunen.

Testar får du frå dato utlevert på følgjande stadar:

Elevar, tilsette tilhøyrande i krins/ ved skule/ barnehage

Hentestad

Dag/ Opningstid

Gjerdsvika

Coop Gjerdsvika

Torsdag 10-18 Fredag 10-16 Måndag ordinær opningstid

 

Gursken

Joker Gursken

Torsdag 9-18 Fredag 9-13. Måndag ordinær opningstid

 

Larsnes

Joker Larsnes

Torsdag 9-18 Fredag 9-14  Måndag ordinær opningstid

 

Sandsøy

Coop Sandsøy

Torsdag 9-19  Fredag 9-14 Måndag ordinær opningstid

 

Kvamsøy

Coop Kvamsøy

Torsdag 10-18  Fredag 10 -13 Måndag ordinær opningstid

 

Dette gjeld også elevar i vidaregåande skule.
Tilsette og foreldre til elevar i grunnskulen får i dag direkte melding om dette. 

Her ser du korleis du gjennomfører ein slik test

Vi håper alle vil følgje denne oppfordringa og slik evt oppdage smitte og forhindre spreiing!