Testing, karantene og isolasjon?

Testing, karantene og isolasjon?

CDC, Alissa Eckert  Det kan vere vanskeleg å følgje med på alle reglar og råd som kjem. 

Om testing i Sande kommune

Frå 18.januar kl 17.00 er det obligatorisk å teste seg på grensa inn til Norge.

Sande legesenter har følgjande prioriteringsliste når det gjeld testing:

  1. Alle med symptom får testing etter avtale. Er du usikker på om du er sjuk nok til å bli testa?
  2. Smittesporing er viktig og legesenteret kontaktar personar som skal møte for testing.
  3. Arbeidsgivarar  kan som før  nytte bedriftshelseteneste til test 2 og 3 etter Covid 19-forskrift. Om det ikkje er mogeleg å nytte bedriftshelseteneste, kan bedriftene ved arbeidsleiar  ta kontakt med Sande legesenter. Kontakt Sande legesenter tlf 70026750 på dagtid .

Skal eg vere i karantene når eg har testa meg? Kva med familien min? 

Les meir  om karanteneplikta her.

Sande kommune ser det som særs viktig at ein fyl dei reglane som er sett for karantene og isolasjon. 

Skal vi unngå smitte er det her nøkkelen ligg. 

Om vi held avstand, har god hygiene og praktiserer hyppig handvask kan vi halde oss smittefri. Fyl reglane som  gjeld om du er i karantene eller isolasjon. 

 

Innreise til Norge

Kva om eg kjem frå utlandet? Og kva med alle arbeidarane som kjem no etter nyttår?

Alle som kjem reisande inn til Norge skal fylle ut eit reiseregistreringsskjema og då er det desse reglane som gjeld.

Mange bedrifter i området har utanlandsk arbeidskraft som del av sin arbeidsstokk. Dette vil halde fram og bedriftene fyl nøye dei reglane som er sett for innreise.