Tilbakemelding frå deg

Klikk for stort bilete Peggy und Marco Lachmann-Anke Gir vi deg god nok informasjon?

I spesielle situasjonar som vi er i no, er Sande kommune oppteken av å gi nok og aktuell informasjon til innbyggarane sine. 

Vi veit at media har stort fokus på situasjonen og at alle kan få med mykje i radio, tv , aviser og på internett. 

Særleg er Folkehelseinstituttet og helsenorge.no sine sider opplysande. Desse bør du sjå innom.

Gi oss ei tilbakemelding om du saknar informasjon frå Sande kommune til deg som innbyggjar i tidene med fare for korona-smitte. Vi legg vekt på å gi deg kort og nyttig informasjon, men vi kan likevel å oversett noko som er viktig.

Bruk tilbakemeldingsknappen nedst på sida. Her kan du legge att kommentarar og også namn og kontaktinformasjon om du vil.

Å bruke søkefelta er ein fin måte å leite fram informasjon på. Prøv søkefelta du også!

God veke!