FHI tilrår følgande prioriteringsrekkefølgje:
1. Dei som bur på sjukeheim og utsette personer 75 år og eldre med heimesjukepleie
2. Aldersgruppa 80 år og eldre
3. Aldersgruppa 75-79 år
Nokre av dei som høyrer til Sandetun omsorgssenter og dei som har tenester i heimesjukepleia i Sande har allereie fått eller vil få vaksine i næraste framtid.
Når det gjeld gruppe 2 og 3 vil dei kunne få tilbod om vaksine etter ferien. Oppfriskingsdosa kan ein få tidlegast 4 månadar etter siste vaksinedose. Anbefalinga gjeld sjølv om ein har gått gjennom koronainfeksjon.
Meir informasjon om vaksinedato og påmelding vil kome seinare i sommar.