Tilgong til kjernejournal

Tilgong til kjernejournal

lege - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Alle innbyggarar i Norge har tilgang til eigen kjernejournal via Helsenorge.no.  No har helsepersonell på søre Sunnmøre fått lære korleis dei kan søke i kjernejournalane når dei skal gi helsehjelp.

Kva er kjernejournal?

Kjernejournal er ei delingsplattform for viktig helseinformasjon. Kjernejournal er ei enkel og sikker samhandlingsløysing for helse- og omsorgssektoren som gir rask tilgang til vesentlege helseopplysningar. Storparten av innhaldet i pasienten sin kjernejournal kjem frå offentlege register. Det kan vere Folkeregisteret, Fastlegeregisteret, Reseptformidlar, Norsk Pasientregister og Difi- kontaktregister.

Informasjon du finn der er til dømes kven er din fastlege, helsekontakt, pårørande, kritisk informasjon og ulike legemiddel.

Kven har tilgong?

Alle innbyggarar i Norge har fått tildelt kjernejournal. Den er innført i alle sjukehus, hos legevakter og hos dei fleste fastlegar. For enkelte pasientar er det fylt ut kritisk informasjon. Innbyggar kan sjølv registrere eigne opplysningar om næraste pårørande og viktige kontaktpersonar i helsetenesta. Innbyggar kan avgrense eller sperre delar av kjernejournalen og sjå logg på kven som har gjort oppslag. Kjernejournalen har tilgjengeleg 3 års historikk på utleverte legemidlar.

Du -  og autorisert helsepersonell - kan gjere oppslag i kjernejournalen  ved behov. Det er gjennom fagsystemet Gerica at helsepersonell kan søke i kjernejournalane. Det er berre autorisert helsepersonell som sjukepleiar, vernepleiar, psykolog og lege som kan gjere oppslag i kjernejournalen. Det er obligatorisk opplæring.

Utfyllande informasjon er å finne på Norsk Helsenett sine sider samt på Helsenorge.no