Tilskuddsportalen kan gi deg penger i lagskassa

Klikk for stort bilete  

 

17.desember kl 18.00 -20.00 inviterer vi frivillege lag og organisasjonar til kurs i bruk av Tilskuddsportalen.

Kurset blir halde på Sande rådhus.


Sande kommune abonnerer på Tilskuddsportalen og kan dermed tilby gratis bruk av denne for lag og organisasjonar som vil finne pengar til lokale prosjekt.

I Tilskuddsportalen kan du leite blant ca.1.500 tilskot for frivillige.
Dette tilbudet er gratis for foreningane, fordi kommunen har inngått direkte avtale om dette.

I Tilskuddsportalen er det enkelt å  finne fram til aktuelle tilskudd for å finansiere eigne prosjekt. 

Tilskuddsportalen inneheld blant anna dette:
• Ein kalender med søknadsfristar
• Ein katalog der tilskudd er sortert på tema
• Ei nyheitsoppdatering frå tilskuddsforvalterne
• Eit verktøy for å søke direkte i databasen
• Støtte for å bli oppdatert på søknadsfrister eller andre frister

Du kan opprette deg sjølv som brukar, og deretter logge deg inn frå denne websida:

www.tilskuddsportalen.no

Lisensen gir rett til å registrere inntil tre tillitsvalde per forening.