VaksineringVaksine mot sesonginfluensa er ulik frå år til år, avhengig av kva type virus ein forventar skal ramme hardast, og er normalt tilgjengeleg på hausten.
Kven er i risikogruppene ?
Folkehelseinstituttet seier at dette er barn og voksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- hjartesjukdom
- diabetes
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom t.d organtransplanterte, kreft
- svært alvorlig fedme KMI over 40
- anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege - for eksempel barn med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik.
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder (kronologisk alder) til 5 år.
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte barn.
Korleis bestille time?
Time til influensavaksine til barn og unge kan bestillast hos fastlegen. Konferer med fastlegen om du er usikker på om ditt barn er i ei av risikogruppene eller kontakt helsestasjonen.
Influensavaksina kostar 200 kr for alle grupper.
Les meir på Folkehelseinstituttet.