Hønene er nettop komne og driv no og blir kjent med hanen som kom nokre dagar tidlegare. Hanen er i storform og likar seg godt i selskap med damene.
Det er teknisk eining som har stått for tillaginga av hønsehagen som no er eit triveleg innslag for bebuarane - rett ved sidan av uteplassen på Sandetun.
Superpensjonisten Kjartan Oksavik har lagt golv i huset, laga rugekasser og vagle, skaffa not ute og har henta hanen. Denne hadde han i midlertidig losji til hønsegarden var ferdig.
Det ryktast at både hanen og hønene har fått namn. Dersom du tek ein tur til hønsegarden får du helse på og kanskje presenterer dei seg og...
Hønsehagen Sandetun | Fotograf: Sande kommune