Trond Aglen er tilsett som ny rådmann i Sande kommune

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Trond Arne Aglen vart i dag tilsett som rådmann i Sande kommune. 

Trond Arne Aglen er fødd 17.11.1971. Han har utdanning fra Politihøgskolen.  I tillegg har han utdanning innanfor leiing og personalutvikling, regional planlegging og utvikling samt påbegynt masterprogram i samfunnsplanlegging og ledelse.

Aglen er i dag tilsett som avdelingsdirektør i Vest politidistrikt. Han har tidlegare hatt ulike leiarstillingar innan politiet. Aglen har også lang og brei erfaring frå organisasjonsarbeid.

Trond Arne Aglen blir omtalt som ein direkte, engasjert, open og arbeidsom person. Referansar gjev han svært gode skussmål og han har stor tillit hos sine medarbeidarar.

Sande kommune ynskjer Trond Arne Aglen velkomen som rådmann i Sande og ynskjer han lukke til i jobben!  

Trond Arne Aglen skal starte i jobben 18.mars.