Turkartet ditt ligg i postkassa

Turkartet ditt ligg i postkassa

Turkart Alle husstandar fekk før helga utdelt det nye turkartet for Sande kommune. 

Kommunestyret gjorde i juni vedtak om å kjøpe inn det nye turkartet som idrettslaga i kommunen har fått laga. Turkartet har informasjon om turstiar, gapahukar, sikteroser, badeplassar m.m.  Turkartet er no utdelt til alle husstandane i Sande og vi håper og trur at det vil vere til glede for alle som likar å ferdast i naturen i den fine kommuna vår.

Om det er nokon fastbuande som ikkje har fått kartet, ta kontakt med oss!

Om det er andre som kjøpe kartet kan dei få det på servicekontoret -  Sande rådhus. Kartet kostar kr 250,- og vi tek imot Vipps-betaling eller du betaler via bank.

Du kan også kontakte ditt lokale idrettslag. 

 

Vipps#553299 

kontonr.: 3906.07.55004 - mrk kart.