Tv-aksjonen 24. oktober - Vil du vere bøsseberar?

I år vil vi tilbake til å gjennomføre ordinær tv-aksjon i Sande der vi går frå dør til dør med innsamlingsbøsser, og då treng vi bøsseberarar i alle bygdene våre. 

Vil du vere med på laget?  Ta kontakt med Sande kommune på 70026700 eller meld di interesse på blimed.no

Barn, ikkje brud

Eit av dei største privilegiene vi har i Noreg er friheita til å bestemme over eige liv. Som born kan vi prøve og feile, og dei fleste av oss veks opp med vissheit om at vi sjølv kan påverke vår eiga framtid. 

Kvart tredje sekund vert ei jente gift medan ho fortsatt er eit born. Dei vil sei at på den tida det tek deg å lese dette, vert omtrent 20 jenter gifta vekk.

Plan International Norge er tildelt årets tv-aksjon. Dei vil at jenter over heile verda skal få moglegheit til å vere born. Derfor får årets tv-aksjon den 24. oktober til å bekjempe barneekteskap. Å forhindre barneekteskap er vår tids viktigaste jentesak. 

Dette er Plan:
Plan International er ein global bistandsorganisasjon som jobbar for barn sine rettigheiter i meir enn 70 land. 
Der born ikkje har det bra, har jenter det verst. Derfor set Plan jenter først. 
Plan er religiøst uavhengig og partipolitisk nøytral, og har jobba for born sidan 1937.