UKM Workshop – film og redigering

UKM Workshop – film og redigering

Blir du med på digital woorkshop?

I samband med UKM i Sande 2021 vil Håkon Vestnes arrangere digital workshop om film og redigering med mobiltelefon. 

Kva får du lære? 

Denne workshopen vil ha fokus på å gje ei enkel innføring i korleis lage ein film med mobiltelefonen. Det vert fokusert på korleis tenke på lyssetjing, korleis plassere kamera i forhold til det ein skal filme, korleis fange lyden, og tips rundt redigering og ferdigstilling. 

Når? 

Fyrste del av workshopen er lagt til søndag 21.02 med fyrste innføring. Del to vert gjennomført helga etter der ein får oppfølging og rettleiing.

I etterkant vert det enkeltvis oppfylging og vegleiing til kvar enkelt.

Det vert muleg å låne enkelt utstyr som stativ og mikrofon til filminga. 

Dei påmeldte vert kontakta for nærmare informasjon.

Påmelding - workshop

Påmelding innan fredag 19.02.21 til Susann Worren Hauge – kulturskulerektor.

E-post :susann.worren.hauge@sande-mr.kommune.no eller via messenger.


Påmelding - digital  UKM 2021

HER KAN DU MELDE DEG PÅ

Du kan lese meir på ukm.no/sande