Undersøking om livet og framtida i Sande kommune

Undersøking om livet og framtida i Sande kommune


Anne-Siv Hauge Korleis vil du at Sande kommune skal utvikle seg i framtida? Kva for tenester og tilbod er viktige for deg? Kva saknar du når det gjeld kulturtilbod og tilbod for barn og unge? Kva skal til for at du som er ung kjem tilbake til kommunen etter endt utdanning?

Sande kommune har starta opp eit viktig planarbeid. For at lokalpolitikarane skal gjere gode val og prioritere på ein måte innbyggjarane meiner er viktig, inviterer vi no til ei spørjeundersøking som vi håper mange vil ta seg tid til å svare  på. Vi kjem til å gå ganske breitt ut, og inviterer både fastbuande, studentar og dei som har fritidshus her til å gje oss sine svar. Også du som pendlar inn til Sande og har din arbeidsplass her, kan sei di meining om ulike forhold i vår kommune. Vi vil ha svar frå alle aldergrupper, frå ungdomsskuleelevar til pensjonistar.

Bli med på undersøkinga ved å bruke denne lenka eller QR-koda nedanfor 

 

Distriktssenteret

Vi samarbeider også med Distriktssenteret og vil trekkje vekslar på deira fagkompetanse. Oppsummert kunnskap frå undersøkinga kan gi oss større innsikt i kva som er viktig for at folket som bur her skal trivast, men også kva som skal til for at andre skal busetje seg i Sande kommune.

Distriktssenteret kan også bruke denne informasjonen i sitt utviklingsarbeid overfor andre distriktskommunar. Svara dine er derfor viktige med tanke på  at distriktskommunane  kan utvikle seg på ein god måte.

Alle svara vil verte anonymiserte.

Det vil ta deg ca. 10 minutt å svare på undersøkinga, og du skal vite at det er svært viktig at du gir oss dine svar! (Bruk nettlesaren Google Chrome når du svarar). Det er lurt å gå over til pc eller nettbrett om du får problem ved bruk av mobiltelefon.

Delta og vinne? 


Takk for at du tek deg tid til å svare på undersøkinga! Ved å delta vert du med i trekkinga av ei korg med assortert og velsmakande lokalmat. Vi trekkjer fem vinnarar

 

QR-kode undersøking