Ungdata og Ungdata junior

Ungdata og Ungdata junior

 

Ny ungdata-undersøking blant ungdommar på Søre Sunnmøre er snart i gang. Fram til 22.mars blir dette gjennomført på nesten alle ungdomsskular i regionen. Sande og Vanylven skal også ha ungdata junior -undersøking.

Fylgjande pressemelding kjem frå Kompetansesenter rus – Midt-Norge, seksjon Møre og Romsdal:

 

"I tida fram til 22. mars blir ungdataundersøkinga gjennomført i ungdomsskular og vidaregåande skular på Søre Sunnmøre. Alle dei vidaregåande skulane og nesten alle ungdomsskulane er med; Herøy ventar til neste år. Som dei første kommunane i fylket gjennomfører Vanylven og Sande også Ungdata junior, som er ei liknande undersøking blant elevar i 5. til 7. klassetrinn.

I begge undersøkingane blir det nytta kvalitetssikra, standardiserte spørjeskjema. Elevane svarer på nett i skuletida. Svara gir eit breitt bilde av korleis barn og unge har det, og kva dei gjer på fritida. Forskingsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet og det regionale kompetansesenteret innan rusfeltet (KoRus) har det faglege ansvaret, medan kommunane står for den praktiske gjennomføringa i samarbeid med skulane.

Det er i alt 2769 elevar frå Søre Sunnmøre som er påmelde til ungdataundersøkinga, fordelt på 1495 i ungdomsskulen og 1274 i vidaregåande. 154 elevar i 5. – 7. årstrinn deltek i Ungdata junior. Først ute med ungdataundersøkinga var Vanylven, som gjennomførte i veke 7. Kommunen gjennomfører Ungata junior i veke 12, medan Sande-elevane på mellomsteget deltek første veka i april. Kommunane vil få resultata innan ein månad etter at dei lokale undersøkingane er avslutta."


Kontaktperson i Kompetansesenter rus – Midt-Norge, seksjon Møre og Romsdal:
Kolbjørn Gjære, kolbjorn.gjere@stolav.no, mobil: 950 34 148

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95