Ungdommar i Sande er flinke kulturberarar

Ungdommar i Sande er flinke kulturberarar

 

UKM-satsing gir gode resultat i Sande. 

Er du klar over at vi er blant dei beste i landet når det gjeld deltaking i UKM og at mange har opplevd UKM som eit springbrett for vidare utvikling? 

Talet på innslag har auka frå 9 i 2010 til 44  i 2019.

Ungdommar viser ei breidde der dei kan delta innanfor dei ulike sjangerane. 

Dei kan vere både artistar og med-arrangørar og lærer på denne måten kva som skal til for aå lage arrangement.

 

 

Her ser du at engasjement og deltaking i vår kommune er over snittet for alle kommuner i landet. 

 

Ungdomsrådet har gjort ein svært god jobb er og har hatt hovedansvaret for UKM i mange år. Dei har vore gode ambassadørar for mønstringa og fått med seg Sande-ungdommen. 

Kulturskulen har påverka ungdommen i svært stor grad. I tillegg har nok det frivillege arbeidet i kommunen også mykje av æra for at ungdommar vil vise fram kunsten sin - og sjølvsagt også foreldra, som er dei beste medspelararne til ungdommane.

- UKM arrangementa har vore kjempeviktig for meg, seier Oskar Fjørtoft Sandanger.

- Gjennom UKM har eg lært massevis. Dette har gitt meg sjølvtillit og engasjement og no får eg halde på med det eg har mest lyst til, seier Oskar på telefon frå Oslobygda. 

Oskar Fjørtoft Sandanger spelar no standup- førestillingar i Oslo og er i tillegg fylkeskontakt for UKM i Oslo.