Ut på middag med Sande kommune

Ut på middag med Sande kommune

pixabay  Middagsarrangement i kvar bygd - meld deg på !

Sande kommune har motteke midlar frå Statsforvalteren for å arrangere middag for eldre over 65 år.

Kva går midlane til ? 

Føremålet med tilskotet er å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon og å legge til rette for at eldre igjen kan vere del av et sosialt fellesskap etter at vaksinasjonen mot koronavirusinfeksjon er gjennomført. Tilskotsordninga skal gjere det mogeleg for kommuner som samarbeider med restauranter å tilby billige middager for heimebuande eldre som ønsker å ete middag saman med andre.

Tilskotsordninga er i tråd med satsingane i Leve hele livet-meldinga der Mat og måltid er eitt av fem innsatsområde.

Målgruppa er heimebuande eldre over 65 år.

Middags - arrangement i kvar bygd - meld deg på !

Dette vert arrangert i kvar bygd følgande datoar:

  • Kvamsøya – på Høgtun, fredag 15.10.21, kl 17:30 - altså i dag.  32 er påmelde og gled seg til i ettermiddag!
  • Larsnes –på Landsbyhuset Breidablik måndag 25. oktober, kl 18:00 og onsdag 27.oktober, kl 18:00- påmeldingsfrist 22.okt
  • Gursken – på Vonheim, onsdag 27. oktober kl 18:00 - påmeldingsfrist 22.okt og måndag 1. november, kl 18:00 - påmeldingsfrist 27.okt 
  • Gjerdsvika – på Adolfbuda, onsdag 27. oktober, kl 18:00 - påmeldingsfrist 22.okt
  • Sandsøya – på Dollstun, torsdag 4. november, kl 18:00 - påmeldingsfrist 29.okt

Middagen er gratis !

Middags- arrangementa blir gjennomført i samarbeid med lag og organisasjonar i bygdene- som tok utfordringa på strak arm! Tusen takk for tilrettelegging!

Påmelding

Påmelding  til servicekontoret på tlf. 70026700, mellom kl 09:30-14:00 eller på e-post til Sande kommune:

postmottak@sande-mr.kommune.no

God fornøyelse og Bon Appétit!