Utan vatn til laurdagskvelden?

 Nokre innbyggarar på Muren-sida i Gjerdsvika blir utan vatn fram til laurdagskvelden.

Viser til tidlegare informasjon i forhold til reperasjonsarbeid i rørgata til Tussa og redusert vassforbruk.  Grunna lekkasje på Muren-sida i Gjerdsvika vil kommunale vass-abonnentar her verte utan vatn til sannsynleg laurdagskveld.  Det er etablert tappepunkt ved pumpestasjonen på Muren der ein kan hente vatn.