Utviding av reguleringsplan for Larsnes sentrum

Utviding av reguleringsplan for Larsnes sentrum

Reguleringsplan Larsnes sentrum Sande kommune jobbar med ein ny og oppdatert reguleringsplan for Larsnes sentrum og varsla i medhald av plan- og bygningslova § 12‑8 oppstart av reguleringsarbeid i februar 2019. Reguleringsplanen skal legge til rette for framtidig utvikling av kommunesenteret.

Sidan oppstart har fleire vesentlege forhold knytt til planområdet kome til:

  • Utviding av ferjekai med større ferje i Larsnesvika.
  • Larsnes Mek as  – ny reguleringsplan med kaier, tørrdokk og høghall.
  • Oppstartsvedtak for Stad skipstunell.

Dei aktuelle forholda er forventa å medføre ein auka båttrafikk for Larsnes og området rundt. Ein ynskjer derfor å utvide planområdet noko i sjøområdet for planlegge for ei utviding av hamneområdet på Larsnes mellom anna ved etablering av molokonstruksjon og utvida kaianlegg.

Oversikt - Larsnes sentrum utvida planområde 25 feb 2021 (PDF, 347 kB)

Omtale utviding av reguleringsplan - laga av Norconsult etter oppdrag frå Sande kommune (PDF, 548 kB)

Høyringsfrist

Merknader knytt til det utvida området sendast til Sande kommune

Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller

postmottak@sande-mr.kommune.no innan 18.mars 2021.

Du kan også skrive ditt høyringssvar her  Saksnr. 19/10524

Arbeidet vidare

Når planforslaget blir lagt ut på offentlig ettersyn vil det bli arrangert eit nytt folkemøte for å få innspel og meningar, og det vil bli sett ein frist på minimum 6 veker for merknadar knytta til planforslaget. Plankonsulenten og administrasjonen hos Sande kommune lagar ei oppsummering av alle innkomne merknader og svarar på merknadene i plandokumentet som kjem på offentleg ettersyn. Det blir ikkje gitt svar til kvar enkelt som sender inn merknad; vurderinga og svara vil stå i plandokumenta, og merknadane vil i sin fulle form ligge ved saken ved politisk behandling.

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70