Uvershelga

Uvershelga

foto: Pexels

Som alle har merka har det vore ein del vind og nedbør i helga.  

Uveret har ført til at ein del tre har falle over både kommune- og fylkesvegar. Desse forholda vart raskt rydda opp i. 

Nedbøren har ført til at eit hus på Kvamsøy  har fått vatn i kjellaren og det har vore litt problematikk rundt overflatevatn ved Elvebakken bustadar. 

Teknisk eining har ikkje fått andre meldingar om skader på kommunale bygg. 

Det er elles lurt  å reinske sluk på og rundt eigen eigedom slik at ein kan førebygge eventuelle skader utover hausten.