Vaksinering - 3.dose til dei med alvorleg nedsett immunforsvar

 Frå og med måndag 20. september kan du som har alvorleg nedsett immunforsvar, få dose 3 av koronavaksinen. Dette gjeld personar med visse diagnoser (gruppe 1), og personar med immundempande behandling av annan årsak (gruppe 2).  Behandlande lege vurderer kven som skal ha dose 3 med vaksine mot Covid-19.

Gruppe 1:

  • Organtransplanterte, benmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande "graft versus host"-sjukdom som krev immunsuppresjon
  • alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • aktiv dialysebehandling og pasienter med kronisk nyresvikt stadium 5
  • avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

Du må ha med deg slik dokumentasjon til vaksinasjonslokalet:

Notat frå sjukehus/fastlege der det står kva diagnose du har eller eit eige skriv frå sjukehus/spesialisthelsetenesta der det står at du bør ta dose 3. 

Gruppe 2:

  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak.

Dette gjeld personar med immundempande behandling for t.d. reumatiske og nevrologiske sjukdomar eller i sjukdomar i mage/tarm eller hud, eventuelt andre spesielle sjukdomar.

Du må ha med deg dokumentasjon på kva medisin du brukar i form av journalnotat, reseptar, utskrift av e-reseptar frå helsenorge.no eller medisinforpakning med datert etikett frå apotek.

Lista over medisinane det gjeld (og virkestoffa) finn du her.

Alle må også ha med gyldig legitimasjon til vaksinasjonslokalet.

NB! Viktig!

Er du kreftpasient med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling eller er pasient der ansvarleg legespesialist har vurdert deg til å ha svært nedsett immunforsvar (av årsaker som ikkje inngår i gruppene ovanfor), må du vente på brev fra spesialisthelsetenesta. Dette fordi det må gjerast ei individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknader. Har du mottatt dette brevet frå spesialisthelsetenesta er det berre å bestille time no.

Når du møter for vaksinasjon vert den dokumentasjonen du har med, gjennomgått og vurdert av lege før du får vaksinen.

Det er Pfzer-vaksinen vi gir som dose 3.

Det må ha gått fire veker frå du fekk dose 2 til du kan få dose 3.

Du bestiller time for dose 3 slik:

Bestill time for vaksinasjon ved Sande legesenter på tlf 70026750.

Hugs at du må levere inn på førehand:

  • Notat frå sjukehus/fastlege der det står kva diagnose du har eller eit eige skriv frå sjukehus/spesialisthelsetenesta der det står at du bør ta dose 3. 
  • Medisinliste - for gruppe 2 

Før vaksinering vert dette gjennomgått og vurdert av lege. 

Her kan du lese meir om vaksineringa:

I dette informasjonsskrivet frå FHI kan du lese meir om gjennomføring av dose 3-vaksinasjon til særskilde grupper.(PDF, 244 kB)

Her finn du ytterlegare informasjon frå FHI om 3. dose.(PDF, 200 kB)

Du kan også lese meir om dette temaet på nettsida til FHI her.