Vaksinering av tilsette i oppvekstsektoren

Pixabay  Sande kommune vil tilby tilsette i barnehagar, sfo og skule vaksine i veke 29 og 30.

Dei som ikkje har fått vaksine vil verte oppringt og tildelt time, og vi ber om at alle ventar på tur – og ikkje ringer dokterkontoret.

Vi veit ikkje kor mange vaksiner vi får, men håper vi skal kome i mål med at dei tilsette har fått første dose tre veker før skulen startar.